lørdag 4. september 2010

Testseilas!

Endeleg vart det tid for sjøsetting av LilleFRI, veldig kjekk og Amund fekk kjapt teken, far måtte prøve spinnakeren, det vart langt å krysse heim igjen:) det kan virke som det må til litt trim for det vart dårleg høgde heimover i motvinden. Litt kluss med ror og skjøte gav den første stripa ette eit ublidt møte med brygga, "typisk, no ska du sjå sønn korleis du skal seile til brygga", han vart ikkje imponert:) Kompis Ole fekk også ein liten tur, styrte som ein prest:) Med litt justeringar skal det bli mykje moro med denne for dei små, ikke noko å sei på interessa sålangt, det var kjekt!

Sendt fra min HTC

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar