lørdag 28. mai 2011

FRI rekk ikkje Gnuen!

Den dårlege nyheten er at FRI må ligge til ut i neste veke for å "herde" og få siste finpuss, dermed rekk me ikkje Gnuen! Me lar den ligge til onsdag og vert det fint ver så tek familien Bjordal returen som ein tur, går nordover gjennom Alverstraumen og kanskje til Fedje før me sett nasa heimover, når båten fyrst er der oppe!

Men det vert Gnuen likevel, antakelig i Politibåten:)

Når det gjeld FRI er den gode nyheten at fredag vart det endeleg ein regnfri dag med riktig luftfuktighet på LitleBergen for liming av nye vindu. Den fyrst dagen sidan me levert båten for snart 14 dagar sidan! Den andre gode nyheten er at Fjordsailing har bytta alle dei 4 store vindua, enda det berre var eit som lakk, det vitnar om ein leverandør som tek skikkelig ansvar og det for noko dei juridisk sett ikkje er ansvarlege for! (båten er kjøpt av NelsonMarine som har gått konkurs).




Her eit arkiv-bilde av "syndaren"





Det står respekt av måten dei no håndterer tidlegare Nelson Marine kundar på og er noko eg ikkje vil gløyme den dagen det evt skal kjøpast ny båt, alle kan selge båt, det er betydelig verre når ting skal fiksast i ettertid og når ein ser at det fungerer så bra som her er det ein trygghet å ha med seg. Fjordsailing har mykje erfaring i reperasjon av seilbåtar, dei har, før dei fekk agenturet til Hanse og Dehler, hatt dette ansvaret ettermarkedet overfor både Jeanneau og Bavaria i Bergens området og kan fortelle om båtar også av desse merka med fantastiske lister med feil, sist var det en Jeanneau med ei feilliste på over 30 punkt.


Bakgrunn:
Denne vindushistorien har vore eit mareritt for Hanse, av dei modellane til Hanse som har limte vindu så er alle 2008 og nokon 2009 modellar berørt. Hanse har ein årsproduksjon på 500-1000 båtar, men ikkje alle modellane har desse limte vindua, likevel er det svært mange båtar som er ramme, også i Norge.

Eit slikt problem som dette er ikkje gjort på 1,2, 3 og finne ut av. Fyrst trudde dei at det var primeren brukt før limet som ikkje tålte uv-strålinga. Det stemte vel også, men det viste seg seinare at det holdt ikkje å lime på nytt og berre bytte til ny type primer. Sjølve vindua har over tid vist seg å vere for ustabile til å berre å vere limte, dei utvidar seg for mykje i sterk varme og trekk seg for mykje i saman i kulde. Dette fører til at dei "riv" av limet over tid og byrjar å lekke, dei fell ikkje ut...

Riktig reperasjon av dette meinar derfor Hanse no at krev nye, meir stabilie vindu som vert limt med i alt 4 typar primer, lim og sealer. Dei nye vindua har UV beskyttelse i området der limet ligg. Dersom ikkje dette heller fungerer er det nok ikkje anna bønn enn å skru dei fast, men no er det godt håp om at dette er eit problem som ikkje eg vil merke noko til, målet er å ha båten til den er 10 år... 7 år igjen altså:)

Nye båtar leveres ikkje med limte vindu, det er nok det tryggaste, mange har forsøkte seg med limte vindu oppgjennom åra, Maxi f.eks og det har vel stort sett blitt krøll over tid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar