torsdag 26. mai 2011

Tirsdagsseilas, fortsatt utan egen båt!

Det er kjiipt å vere utan båt, men det har sine fordelar for etter Melges-moro forrige tirsdag var det denne tirsdagen klart for å vere med å seile STOR båt, Hanse 400en til Anton Lidal frå Moster. Du store allverden kva 5 fot gjer med ein båt...




Faktisk slapp me sjøen eit lite øyeblikk på veg nordover igjen (sjølvsagt utan at kameraet var klart). 400en verkar mykje lettare bak enn vår, kanskje me skal prøve med litt meir vekt framover i båten, hmmmm me som alltid har lite vatn på regatta, kanskje 280 liter i baugen kan vere fornuftig likevel... Tid for testing testing... når me no forhåpeligvis får den heim til Gnuen på søndag...



Eirik Martin som tolmodig ventar på sin nye Jeanneau 36i vart med igjen, veldig kjekt med nye seilarar i regatta!











Det var skikkelig frisk vind frå sør-vest med babord runding Klasen og Hestholmen før me satte kursen rett nordover mot Eldøyane igjen med 8-9 knop båtfart. Berre 3 båtar stilte denne gongen med kuling og askesky, me vart nr 3, men ikkje langt bak på korrigert tid syns eg. Båten er tross alt utstyr med ganske enkle seil, spesielt er det krevande å få fart med sjølvslåande fokk og foldepropell. I så mykje vind bør ei sjølvslåande fokk fungere fint, men me hadde svært dårlig trim på fokka i starten, tross div forsøk vart den ekstremt djup med krenging og låg høgde som resultat, kanskje eit skjøte nr. 2 ned i pulleren kan fungere i så mykje vind for å flate den nede... Uansett, ein flott tur i ein flott og diger båt:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar