søndag 26. juni 2011

Baneseilas!




I år som i fjor arrangerte me Baneseilas på Vikafle i forbindelse med festivalen på Stord, i fjor var det StordFest i år FØR NO Festival og yrande liv. No var det nok ikkje så veldig mange som fekk med seg kva som foregjekk utepå vika, men det er eit fint og maritimt innslag uansett og baneseilas er spennande og tettare enn me er van med. Resultatmessig ser det ut til at FRI trives best nede på listene, men me fekk vist denne gangen at me kan bli farlege etter at me på 2. og siste runde faktisk var fyrst rundt merket ved Aslaksvikjo, i den lette vinden og det kun med kryssfokk og utan gennaker, YES! Men så gjekk skipperen på ein kjempesmell, den meste elementere av alle regler i matchracing. Ligg du fyrst ser du kva dei gjer bak, slår dei så slår du sjølv for å sikre seg så like forhold som mulig. Neida, skipperen var sikker på at han såg mykje vind rett fram, men den gang ei, lite vind og den som var dreide 30 grader i feil retning...


Dette forspranget burde me ikkje rota bort!

Kjekt var det uansett, takk til Øystein og Eirik M som var mannskap

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar