mandag 27. juni 2011

Borgundnuten!




Med mor og barn i NordNorge skulle det verkelig bli tid til seiling! Det var derfor heller frustrerande at det ikkje var eit vindpust midtfjords søndag morgon! I rein frustrasjon over manglande seilvind innsåg eg at dagen var komen for å bestige Borgundnuten for fyrste gong! 462 moh i heller bratt terreng. Turen opp tok 57 minutt og var eit slit, men du verden kor flott det var å komme opp, heilt vindstilt på toppen og jammen kom eg meg tilbake i båten før seilvinden kom uansett. På veg heim vart det "høydetrening" med nytt system for innhal av fokka, dette ser veldig lovande ut og gir heilt klart eit par 3 grader ekstra. I jevn vind klarar me å gå opp 30-32 grader apparent wind før det vert innslag i fokka, men så høgt er neppe riktig ifht VMG til det taper ein for mykje fart, men rundt ved 35 grader drar det greit av gårde. Det må føyast til at ny riggtrim frå Karl Otto har gitt ein betydelig strammare rigg, det er no mykje mindre segg i fokka og dette hjelper sjølvsagt også på høyden. No gjenstår berre å smøre opp rulle systemet, for fokka manglar eit par cm for å står skikkelig stramt og det er utrulig kva det gjer på formen på heile fokka.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar