torsdag 30. juni 2011

Kollegatur!



FRI er titt på fjorden om dagen og i går var det tid for ein siste kollegatur før skipperen byrjar i ny jobb i Wärtsilä i morgon. Kari, Arve, Kristine, Anne-Sissel og Gudny har vore dei i banken som sterkast har etterlyst ein seiltur og var derfor mannskapet mitt i går.

Turen gjekk i lett vind til Hidle med kaffi og varme kannelbollar, men tilbake fekk me nok vind av typen kastevind. Det var perfekt, mannskapet fekk dermed ein frisk opplevelse og kanskje eit litt anna inntrykk av seiling enn det dei hadde før. Dette var jo faktisk ganske så aktivt i periodar:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar