onsdag 29. juni 2011

Ekstra regatta før ferien!





Eg og Roy fann ut at det var god tid til ein seilas til før ferien så tirsdag 28.6 vart det gjennomført ein "ekstra" seilas med vaflar og kaffi i seilerhuset etter målgang. Far min, David og kompis Johnny stilte som mannskap.


Berre 2 båtar fann vegen til start i det som såg ut til å bli ein meget fuktig affære, men veret vart bra om enn litt lite vind. FRI fekk ein etterlengta 2. plass denne gongen:) ca 4-5 minutt bak Silje.

Håpet vart tent då vinden dreia midtvegs på legget tilbake og gennakeren kunne settast. Silje hadde pakka sin godt ned etter å ha gjort forsøk etter runding ved Klasen der vinden vart for skarp, men vår blåe pølse er lett synleg så det vart fort hektisk aktivitet ombord i Silje og vips hadde dei gennakeren oppe igjen:) Her får ein ingenting gratis!


Veldig trivelig med litt sosialt etterpå og kjekt at fleire stilte der enn på banen:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar