tirsdag 26. juli 2011

Krossøy og Storebø




Me fortødde inne i lagunen ved Krossøy søndag ettermiddag, flott plass og tilsynelatande lunt. Ankeret uti for fyrste gang på turen. Sirup ankom litt seinare, veldig kjekt med lag og det vart sein natt før både store og små kom seg i seng. Ikkje før augelokka hadde falle ned våkna eg av uling i riggen og ein ankervinsj i hektisk aktivitet. Det sørlege draget som var meldt, viste seg å vere frisk bris 10, ikkje gunstig der, men med ekstra tau i land låg me trygt om enn litt uroleg og utpå morgonen løya det igjen. Mandag gjekk me til Storebø, også det ein positiv overraskelse, fin plass med sandstrand og lun havn, dog dårleg med straum. No er kursen satt for Eggøya, der ligg VetleFri som får bli med heim igjen no...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar