søndag 24. juli 2011

Mot Austevoll og Krossøyni!




Etter 2 døgn på Vinnesholmen er me no midtvegs i Fusafjorden med kurs for Krossøyni, Planen er å møte Sirup der i ettermiddag, kjekt for store og små med litt sosial kontak etter 7 dagar på tur åleine.
Vinnesholmen vert nok for all tid hugsa av oss som staden me var då terrorhandlingane i Oslo og på Utøya skjedde. Ord vert så utrulig fattige, men det er skremmande at det går slike monster blant oss.
Då er det kjekkare å tenke på monster gråkrabbane på Vinnesholmen, krabbefiske vert ikkje det same etter dette. Bøtta vart altfor liten og eg kjem aldri til å snu ryggen til ei bøtte med gråkrabbar igjen, beista hoppa formeleg utav, eg reagert ikkje på ein svak lyd bak meg, men når det kitla på foten spratt eg himmelhøgt, desse beista tullar du ikkje med, klør som til og med ein raudkrabbe hadde blitt misunneleg på:) Men her skal me tilbake, fantastisk fint og deileg med to dagar strandliv

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar