fredag 22. juli 2011

Vinnesholmen i Fusa

Nokre mil over Fusafjorden frå Os, ligg Vinnesholmen. Ein flott plass der båtlaget har laga til 4 gjesteplassar med egne straumuttak til gjestene. 100 kr puttes i ein konvolutt:) Båthavna er del av ein molo som gjer Vinnesholmen landfast, den flotte stranda på holmen er offentleg og håpet er strandliv i morgon og kanskje søndag også. Det er meldt delvis skya og varmt i morgon, yes! I kveld har både far og mor trimma, eg gjekk/jogga 5 km inkl. naturstien Vinnesleiro, eit spesielt landskap!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar