søndag 7. august 2011

Besteforeldre på Bjoa!

Etter ei flott veke i Frankriket var det ingen bønn, ferien er over og i morgon er det striskjorte og havrelefse igjen! Kanskje like greit, både konto og badevekt skrik at det får vere nok for denne gong:) Men skulane har fortsatt halvanna veke igjen så tradisjonen med ei veke på Bjoa for eldstemann står igjen. Dermed vart det ein luftetur for FRI i kveld. Rivieraen var flott, men slår ikkje følelsen av å stå bak roret i Sunnhordlandsbassenget i 14 g og regn, med ein varm kopp pulverkaffi mellom nevane! Nokre bilder av galskapen i Monaco og St Tropez skal kome, spes sistnevnte plass var det så ekstremt at det knapt var til å tru, 100 mills Yachtar i bøtter og spann, rett og slett patetisk, men noko ein likevel må ha med seg om ein er på dei trakter...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar