mandag 8. august 2011

Rikefjord!

Kruse Knallkul frå teiknefilmen Elias kjem frå Rikefjord og no har me vore i Rikefjord! Eller som Amund så enkelt sa det i bilen, me skal til "der dei rike bur"!

Etter å ha vore i Monaco og Saint Tropez er eg iallefall sikker på kvar dei har henta inspirasjon til denne figuren, ja her har dei nok også funne mykje god inspirasjon til Rocke Gabrielsen den 2dre for ikkje å snakke om fetteren til Kurse, Rocke Gabrielsen den 3dje!





Eg slit med å sjå det vakre i monster yachtane, men Rivabrygga vart eg ståande lenge ved...



TUIGA var også eit nydeleg unntak...





Når me gjekk forbi denne litle RIBèn med 2*350 hk stoppa me opp, Ola på snart 4 ser ei stund på båten og slentrar videre med kommentaren "eg vil ikkje ha sånn liten påhengs lengre"...



Me trudde me hadde sett det meste når me forlot Monaco, men det var før Saint Tropez, ein liten havneby der Kruse og alle vennene hans reiser for å kose seg litt...

Det eine drar ofte det andre med seg, har du svær båt må jolla stå i stil, sånn er det berre. Dermed er det ikkje det minste rart å ha ein 63 fots gummibåt... Planar nok med 2 vaksne og 2 ungar i også, denne!



Det er rart kva som ordnar seg med eit par 10.000 talls hestekrefter og eit mannskap på 10 med kvar sin fender!



Ein liten smågutt på 130 fot... Den som ser godt på bildet ser S-klasse Mercen som skulle hente tenåringsdattra, nede til venstre. Det var berre det at sjåføren såg ikkje fortøyningspulleren som elegant hekta seg på framskjermen i det han byrja å rygge... Aiai



Det er liksom ikkje berre ein 50-100 mill båt ... Her ligg absurd mykje pengar



Her er me oppe i klassen "Skip"...



Vel, tilbake i Ste Maxime følte me oss meir heime og storkoste oss heile veka, her er det eg og onkeltenåring, Katrine (framfor meg) som syns FlyFish såg veldig gøy ut...



Det var noko med dette FLY... Saftsuse kor mykje saltvatn me svelgte begge to før me var ferdige... Det vart ikkje berre ei tryning, sjelden har eg vore så sliten...




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar