tirsdag 9. august 2011

Ein krydra tirsdagsseilas!






Det vart ein frisk start på haustens tirsdagseilasar, det er ikkje ofte FRI går ut av sitt gode skinn og slepp sjøen, men det skjedde i dag med over 9 knop på loggen, likevel runda me sist ved Ilholmane etter mykje skjæring for å fylle den fordømte sjølvslåaren. Ganske sikkert kunne me rulla inn fanteskapen og seilt rett mot målet med betre resultat. Kjekk til tur, ubrukeleg i regatta. Spørs om ikkje spinnakerbommen vert sagd av no slik at den vert lettare å spri med, opprinneleg vart den kjøpt på maksmål for å seile gennaker på bom, men der er me ikkje i dag. Øystein og Erik M var mannskap i dag i nordleg tildels stivkuling. Vindmålaren i FRI er fortsatt ute av drift, men målaren Bømlabrua visar 17,6 ms kl 18! Etter målgang lukta det krydder lang veg undenunder, eit krydderglass hadde hoppa ut av hylla der den har stått i 3 år og lokket hadde knust, her måtte det støvsugast og vaskast...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar