søndag 21. august 2011

Håkonar - del 2

Me starta del 2 som me gjorde i del 1. God start og god båtfart ned Fitjarvika. Me hadde bestemt oss for at det var for kraftige råser til at me ville freista gennakeren og det viste seg å vere smart. I gårsdagens seilas kniva me med Silje frå Stokksundet til mål, men kom ikkje forbi, me hadde derfor i godt lag lova Roy bilde av Silje framante i søndagens regatta. Me held sjølvsagt ord:)

Men det skulle ikkje vare, sterk vind møtte oss i Langenuen, Saftsuse, dette vart heftig. Ei stund var det meir snakk om å overleve og ikkje ødlegge noko enn å seile regatta. 15-17 ms i trynet er mykje, altfor mykje slik FRI er satt opp no. Med delvis innrulla fokke byrjar problema, den ser ut som ein sekk og me må falle mykje for å få trykk og når ein då får trykk, ja så er det så altfor mykje...


Me vart klart sist i dag der Åsmund heilt klart imponerte mest ved å seile Blåfugl så bra, åleine i den vinden...

4. plass overall er me likevel strålande nøgde med, godt jobba Øystein!

2 kommentarer:

  1. Takk for ei strålande fin helg og for underhaldande blogg!

    Siri

    SvarSlett
  2. Takk det same Siri:) No gler me oss til ROMSAtur:) John

    SvarSlett