onsdag 24. august 2011

Tirsdagseilas 23. august


Foto: Trond Taraldsøy

Denne tirsdagsseilasen skulle eg ikkje vere med på, men med fjelltur i sikte til helga vart det likevel ein opning i siste liten. Det vart derfor ikkje tid til å hente inn mannskap og litt frista var eg også til å prøve meg åleine mtp Bergen Singelhanded som eg vurderer å prøve meg på 10. september.

Starten var utrulig svak, kom litt i le for Ove og var nest siste over startlinja, langt bak dei beste. Heldigvis var alle unntatt Jørund så hyggelege at dei stoppa ved Ystøya og venta på meg, der kom eg i godt sig og seig gjennom heile feltet og fekk vind fyrst, meir flaks enn fortjent.

Over fjorden kom til slutt Chablis og Cloelia og gjekk forbi rett før Hidlekalven. Det er litt for lite punch i genoa 3en i så lett vind, men eg tapte også ein del på autopilotkjøring medan eg kobla gennakeren, kom for langt nord. Setting av gennakeren gjekk fint hvis det ikkje hadde vore for at spinnlocken stod open så når eg slapp fallet raste det ut eit par meter før eg fekk stoppa det. Med trykk i gennakeren var det berre å starte vinsjinga, hardt arbeid for ein utrent mann, små tabbar vert fort store problem når ein seilar åleine, men dette gjekk rimeleg greit. Når fyrst gennakeren satt gjekk det betydelig betre enn med dei utan pølse og over fjorden tilbake gjekk det akkurat fint å halde god fart og nødvendig høyde, ca 60 grader apparent wind, det skal ikkje så mykje meir vind til før det blir trøblete, men det gjekk fint med 7-7,5 knop over fjorden. Ein av få gonger der det var betre med gennaker enn spinnaker:)

Eg fekk god tid til å tenke på korleis eg skulle ta ned beiste uten å falle av, men teorien om å skjule den bak genoa og storseilt haldt ikkje stikk, det vart tungt å få den ned med trykk i og delar av den var nede i sjøen, men det kunne vore verre, men dei bak tok likevel kraftig inn på. Fekk heller ikkje noko god fart frå Ystøya og inn, men regna med DH LYS-tallet 1,19 klarte eg 3. plassen av 9 båtar og det er storveis mtp åleine seiling, men det vart ekstremt tett, berre 9,5 sekunder foran Average Joe på korrigert tid! Cloelia hoppa frå 5. til 3. plass når LYS-tallet vart justert frå 1,17 til 1,16 som er riktig ihht målebrevet!

Etter seilasen måtte eg og FRI ha litt kvalitetstid saman, angivelig for å tørke gennakeren:) Men det løya heilt i fjorden så til slutt vart det motor likevel...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar