tirsdag 30. august 2011

Tirsdagsseilas, ein ny opptur!


Med bris frå vest vart løpet for dei 9 startande lagt under bruene, frå sør mot nord. Yr meldte om aukande vind frå kl. 19, det slo ikkje til og dermed vart løpet i lengste laget for dei utan genn/spinn.

For meg og faderen vart det derimot ein ny opptur!

Me kom på helane i starten, 59 sekund gjekk det frå startskuddet til me passerte startlinja, kva er det me driv med??? I den lette vinden frå vest såg det skummelt ut, men god høgde gjer at me ikkje taper så mykje som før til tross for at savnet etter ein genoa 1 er stort i slik vind. I dag kunne me sjå at dei framfør gjekk inn i lite vind opp over mot Føyno, me slo ut igjen og tjente stort på det og kom oss føre Silje og Average Joe ved Klasen og like bak The Gangdals som leda der...

Ettermiddagens høgdepunkt vart likevel gennaker-duellen med Silje frå Bømlabrua og nedover under Stordbrua. Me satte gennaker ei båtlengde bak, men sneik oss forbi før dei hadde fått orden i sysakene, fast bestemt på at no skulle det jobbast skikkelig for å halde på "ledelsen". Me hadde Karl Otto ombord på treningsseilasen i april og då sa han at vinsjen aldri skulle stå i ro når ein seiler gennaker i lett vind, som sagt som gjort! Det funka i dag iallefall, me beholdt "ledelsen" over Silje heilt til mål og tok kraftig innpå The Gangdals også på slutten slik at me sikra 2. plass på korrigert tid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar