søndag 11. september 2011

Ei stor seilerhelg er over...

Bergen Singlehanded vart ei flott oppleving for meg og FRI, 6. plass i klassen med 22 båtar og nr. 19 av 62 båtar overall er eit flott resultat for oss. Det byrjar nesten å bli komisk dette at eg alltid seiler betre når eg er åleine i båten...:)

Her er slik eg opplevde dei 30 nautiske mila, Vest i Havet. Løpet startar og går i mål ved Bjelkarøy nord for Hjellestad. Seilasen går ut Korsfjorden før ein så rundar ei bøye eit stykke frå land på nordsida av Sotra, så er det 6 nautiske mil rett sør til ein bøye eit stykke sør og vest for Marsteinen før me går nord om Marsteinenfyr og inn igjen.

Kartskisse over løpet "Vest i Havet"


Starten gjekk i null vind, FRI passerte startlinja med hekken fyrst, elegant, men eg kom meg i det minste over linja før det hadde gått 15 minutt, ikkje alle klarte det. Desse fekk DNS før det heile hadde starta. Merkeleg regel som blant anna slo ut ein av favorittane, Karl Otto Book. Lurer på kva arrangøren hadde gjort om det var motstraum og ikkje lett medstraum, då ville ingen komme seg over før 15 minutt hadde gått...

Det vert ikkje meir stilt enn dette!




Foto: Geir Morken Nilssen

Etter ca 45 mintut kom det eit sørleg drag som fekk feltet utover Korsfjorden. Eg var særs nøgd med båtfarten, båtane bak holdt seg der og eg gjekk jevnt med Roy, det er alltid eit godt tegn. Utover måtte gennakeren pakkast og koblast på nytt etter at den var oppe i starten. Det gjekk fint og eg fekk opp gennakeren ganske tidlig ifht mange.

Hanse 430en, Yabadoo var rekord tidleg oppe med gennakeren


Ned mot runding hadde me opp mot 2 knop medstraum og SOG var over 9 knop fleire gonger, det store spørsmålet vart sjølvsagt "når skal eg ta ned". Eg valgte å stole på den uprøvde teknikken; fallet på sjøen, ledig skjøte mellom bom og storseil, fall av, dra gennakeren inn bak storseilet, slepp tackline og fall samtidig og dra som f... Det gjekk smertefritt og timinga perfekt, i det eg var ferdig og hadde fokka ute var det tid for å runde. Her var det tilløp til kaos med båtar som kjempa for å komme seg rundt på rett side i den sterke straumen, båtar som kom nedover i "feil fil" der spinnakeren skulle vore ned for lengst etc, litt kluss fekk eg med ein Bavaria som ikkje kom på kurs, men eg tapte ikkje mykje på det.

Jevnt med Erling mot fyrste runding er stas!


Roy bak er alltid stas, men varar sjelden lenge, gratulerar med 2. plassen:)


Her ved fyrste runding, Jørund rundar og ein lyse blå gennaker nermar seg:)

Foto: John Elter

Så var det tid for å krysse oppover dei 6 nautiske til den sørlege bøyen, stor dønning i mot gjorde at eg mista ryggmargsrefleksen på om ting er ok eller ikkje. Rorpress og alt anna var annaleis og det blei ein del prøving og feiling på trim og høyde før eg kom inn i eit nokonlunde greit spor. Roy-lokomotiv kom og gjekk forbi, høgare og fortare, men eg holdt mange andre. Det tok tid i den sterke motstraumen og mot slutten av strekket gjorde eg eit par skikkelig dårlege slag. Møtte Erling i ein styrbord/babord situasjon og han tok fryktlig mykje på meg siste halvtimen der oppe. Pakking og kobling av gennaker i skiftande vind og med ein autopilot som ikkje vil seile etter vinden, berre på kurs følte eg at eg tapte ein god del på.

Ellers bomma eg som mange, mange andre og måtte ta eit ekstra slag rundt bøyen, det er ikkje lett å berekne dette i så kraftig straum... Det var ellers hyggelig å treffe på båtar som First 36.7, X-37, Hanse 400, Elan 37 etc alle med rundt 1,30 i LYS ved 2. runding. Ingen av dei satte gennaker/spinnaker ned på legget til Marsteinen, men eg følte at eg måtte det for å halde farten i den løyande vinden og berre kryssfokk og med sjølvtilliten i orden etter forrige opp og nedtak gav eg jernet, opp med greiene, super setting denne gongen også og eg klarte slik å runde like før desse raskare båtane ved Marsteinen, nedtaket gjekk greit og så var det berre å fintrimme og halde konsentrasjonen innover, eg pakka og kobla gennakeren igjen rett før me skulle falle av ned mot mål, eg var redd det var lite vind innover, sjølvsagt måtte det skjære seg denne gongen og her røyk nok 5. plassen. Gennakeren satt fast i posen, men det haste med å få den opp så eg drog til slik at festet på gennaker-posen rakna, men fekk delvis opp gennakeren. Posen vart liggande på dekk til etter målpassering, men då fall den i sjøen og sokk.

Det vart skarpt innover mot mål og det mangla nokre meter opp på fallet når eg fekk krampe i armen, fallvinsjen var opptatt av gennakerskjøte sidan fokkeskjøte og gennakerskjøte normalt brukar samme vinsj og dermed må eg bruke ein anna vinsj før eg får rulla inn fokka. Med krampe var det berre å gløyme å få gjort om på dette så det vart litt på hogg og belegg innover, men eg haldt no farten nåkenlunde sjølv om to genoa 1 båtar gjekk forbi utan gennaker... Visp så var dette eventyret over, kjempegøy, krevande og slitsomt.

Det vart sein kveld før eg kunne fortøye på Lervik kl. 23.

Her eit av dei få høgdepunkta på den 5 timar lange motorturen heim igjen


Også, litt fleire bilder når me fyrst held på:)

To ringrevar frå Stord:)


Flott båt! Trond Wickman sin Yabadoo, Hanse 430


Han kom 5 min før på korrigert tid, men i anna klasse...

2 kommentarer:

  1. Gratulerer med vel gjennomført og eit flott resultat.

    Fulgte med på trackingen. Den var desverre ikkje heilt stabil. Eg er på jobb i nordsjøen og kunne ikkje delta sjølv. Men til neste år er planen å være med.

    Flott blogg foresten.

    MVH
    FRYD nor12245
    Tom

    SvarSlett
  2. Hei, dette skal jeg være med på igjen. Spørs om ikke dette blir alternativet mitt til Seilmakeren... Håper å se deg til neste år:) Dvs håper jo å se deg på Wartsila Windjammer Race 8. oktober på Stord:)

    SvarSlett