tirsdag 13. september 2011

Fjeldberg Rundt 2011

Søndagen rant med stive musklar og trøtte auge etter eit hard seilerliv på laurdagen. MEN, det var tid for regatta igjen, Fjeldberg Rundt denne gongen. Planen var singlehanded, men Gustav frå Wartsila dukka opp, det samme gjorde far min. Så vips 3 ombord, dette kunne vel ikkje gå bra?
Vel, starten gjekk sånn nåkenlunde, kom litt for nært linja og måtte opp i vindauga og dermed forsvant siget i båten. Utover fekk me fin kryssevind og jammen vart det ikkje flott og varmt ver. Solbrillene måtte til og med fram:)!

Me låg ikkje langt bak Silje, men ho drog frå på kryssen, som vanleg. Ikkje allverden, men nok til at det vel var 10-15 minutt ved Fjeldberg, men den gode nyheten var at Silje holdt følge med både Amelia og Average med hhv 1,32 og 1,27 i LYS. Rimelig nøgd med første strekket mao.

Utan spinnakerpose måtte me sette frå luka i forpiggen, det gjekk fint når eg hadde mannskap, første jibben enda i store misforståelsar, rormann legg over etter instruks, men når to skal samarbeid om ein jibb fyrste gong går det fort litt for tregt og når rormann ikkje er obs på dette så endar det som så ofte før, gennakeren sleng seg rundt forstaget og klamrar seg fast som om det var livet det stod om! Ein del ord du ikkje finn i ordboka kom dei neste minutta, men det er egentlig berre å jibbe tilbake, få storseilet over igjen så byrjar ein motsatt effekt og vips er den laus. Det kan ta litt tid, men funkar kvar gong. Problemet var at me var nært land, men det gjekk...

Det gjekk greit nok gjennom Sydnessundet, men då regnet kom for vinden så det tok tid. Utover på nordsia av Fjeldberg vart gennakerkursen svært skarp og med fallvindar frå fjellsidene skulle me berre tatt ned, men dei andre var langt føre og skipperen meinte dette skulle gå, berre me jobba og falt av i rossene. Det gjekk bra eit par gonger med over 9 knop på flat sjø, men så kom monster broachen, det var med nød og neppe me ikkje gjekk over stag... Det er stas med gennaker. Vel, me kom på kurs igjen og kom oss ut over, vinden vart meir stabil og alt var fryd og gammen... Men det skulle ikkje vare. Vinden dreide og me måtte falle ned. Me stod litt for lenge før me måtte innsjå at vinden ikkje kom til å dreie tilbake.

Ein del misforståelsar igjen førde til at gennakeren raste ut når det skulle ned. Fallet er heilt ute, gennakeren står som ein paraglider høgt høgt oppe... Så ryk knuten på fallet og herligheten går i sjøen som ein gigantisk trål, igjen ein del ord du heilt sikkert ikkje finn i ordboka, men med god hjelp av Gustav fekk med den ombord like heil, fokka ut og me kom oss i mål omsider...

Oppsummert
Grei nok kryss, det må nok løygang til og helst nytt storseil også for å få vesentlig betre performance på kryss. Setting av gennaker gjekk fint, missen i jibben var unødvendig i den relativt lette vinden, så stod med for nært land på nordsida og tok ned gennakeren altfor seint... Flott seilas, synd me ikkje gav dei føre oss større konkurranse. Hadde me som dei klart å holdt gennakeren over fjorden kunne det blitt spennande. Håpar nokon har tatt bilder, dessverre har ikkje me gjort det denne gongen...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar