torsdag 22. mars 2012

Dieseflylling og oljeskift

Onsdag var planen å rigge båten med seil og lazybag samt å få ned fallet, men det var vått og lite lystig å klatre masta så det vart utsatt til torsdag. Onsdagen vart det dermed litt etterlengta kvalitetstid med jernklumpen. Litt lite diesel var det også så eg kom på den smart ideen og slå to smekk på samme flåge og la kursen mot Naustbakken for å dieselfylling, der er det nytt anlegg med kortautomat. 


Det vart mørkt før eg var tilbake, men deilig å vere på sjøen i stilla med litt duskregn:)





Så var det tid for olje- og filterskift, 527 timar har motoren gått på 4 sesongar, dette var 4. oljeskiftet på like mange år:), årlig skift av filter og olje er sjølvsagt standard ombord! På 500 timar er det litt meir som skal gjerast, blant anna skifte kjøleveske og justere ventilar, sistnevnte må eg få hjelp til.


Eg pleier sei at det berre er å leite etter feil i ein båt så finn du! Eg lette med lykt og lupe etter lekkasjar i det kraftige regnveret rett etter at presenningen vart tatt av, eg hadde nesten gitt opp å finne noko då eg heilt inne over kartbordet såg det dryppa ørlite. Eg trur det var stopparen på genoaskinna, isåfall skyldes det meg sjølv sidan eg hadde av desse då eg satte på vogner i 2009! Veldig viktig å få tatt slikt tidlig så ein unngår å få vannmerker og skader på innredning.

Her er ein sak til, dette eksosbendet har ein dårlig sveis, eg har sett det før, og nytt bend er mottatt. No skal det byttast så snart det vert tid, ikkje kritisk, men skal ikkje sjå slik ut... Igjen er det viktig å ta ting før det utviklar seg og skader andre ting eller lager varige merker:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar