torsdag 22. mars 2012

Endelig test av storseil!

Det er heile 6 dagar sidan det nye storseilet kom i posten og fyrst no vart det tid og anledning til å få det opp, det var med stor spenning eg og makker Tørres la frå kai etter fyrst å ha henta ned fallet og konstatert at hurtigkoblinga har fått hard medfart, merkeleg nok er den deformert til tross for lett vind og passa på ingen måtte til låsen lengre.

Vel, no big deal no. Spenninga var stor då me endeleg var klare til å heis den nye storen for fyrste gong, heldigvis var dett lett vind så spilene fekk me satt inn i ro og fred før me heiste. Seilet ser rett og slett veldig snygt ut, det er flott i detaljene, forma ser utmerket ut og det var jo artig å ha ett seilt som reagerer umiddelbart på små trimjusteringar, på standardseilet har slik trimming ofte ført til litt fleire eller andre typer rynker, men her gir slik trimming direkte effekt på forma, veldig lett å trimme flatt eller flytte busen. Allerede ved stramming av fallet merkar ein at det er noko heilt anna enn standardseilet, her er det ikkje noko "strikk" som vert stramma eller slakka.

Vel, det vart mykje skryt, me veit fortsatt ikkje noko om effekten i båtfart og høyde, me rakk ikkje å sett på fokk/genoa 3 denne gongen, men me fekk satt Code 1 gennakeren på heimturen. Det er også eit veldig lett håndterlig seil. Me syns me gjekk veldig høgt, men det er svært stor belastning på baugspydet også når ein seiler slik og strammar fallet hardt. Her bør det nok skje oppdateringar før det vert testa i hardvind.

Her er seilet rett frå eska, det vart enda finare når det fekk
litt vind å bryne seg på




















Seilet er sydd på max størrelse ihht LYS, det gir en saftig overlapp
 ifht akterstaget og akterstagløftar er heilt nødvendig.
Montering av denne blir litt spanande, eg såg når eg
var oppe no å henta fallet at det er altfor liten plass der,
 lanterne og vindex må antakelig flyttast så her har me eit
større prosjekt til:)














Dette var det beste bildet eg hadde av gml.storseilet, ein ser det er markant smalare i
øverste del av akterliket som ein ser...














Makker i kommande Seilmakeren DH, Tørres!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar