tirsdag 24. juli 2012

Austevoll, via Haugesund!

Då ligg me i Vinnesvågen på Austevoll, ved hytta til Wenche og Tore! Alltid kjekt å komme her!

I går gjekk me frå Helgeøysund, splitta lag med Sirup og gjekk mot Haugesund. Tung dønning og piss regn gjorde turen til ein nødvendig transportetappe, intet mere. Ingen vart sjøsjuke enda det gjekk i film etter film nedenunder!

I dag var planen tidlig opp og til Austevoll. Tidlig opp gjekk i vasken, men me kom oss no avgårde og ut i skoddehavet, ca 100 meters sikt gjorde at det gjekk greit med god utkikk, nedeover ved Bømlahuk brant sola gjennom og det var endelig tid for lufting av den søkk våte gennakeren. Dessverre litt tidlig for plutselig vart det grautskodd med mindre enn 20 meter sikt i det me skulle krysse over leia mot Mostrasio.

AIS appen var i bruk heile vegen og på nettet såg me oss sjølv, rimelig oppdtert, men me såg også div fraktebåtar så me gjekk sagte langs landet på sørsida før det iflg www.marinetraffic.com var klar bane Eit viktig hjelpemiddel, men sjølvsagt ganske begrensande og dyrt at du må ha 3G. Videre er jo AIS påkrevd for båtar over 25000 tonn og i god sikt har me sett mange større båtar som ikkje viser, men dei store har me sett alle så greit hjelpemiddel når ein ikkje har radar, men det er IKKJE gøy å gå i leia i så tett skodde! Vel, innanfor Moster vart det full sommar og fin seilas til Austevoll!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar