lørdag 21. juli 2012

Verdens minste kaffe!

Torsdag ettermiddag satte me seil nedover Karmsundet med kurs for Skudeneshavn! Lite vind førte til mest motorkjøring. Vinden sparte seg, for det vart svært frisk nordvest frå torsdag til fredagkveld, sjølv om me fekk plass heilt innerst i Skudenes, hadde me i periodar 25-30 knop vind i mastoppen i kasta! Men fint vêr og fortsatt selskap med Sirup gjorde opphaldet veldig kjekt for store og små, uansett frisk vind. Vaffel med is på Verdens Minste Kaffe, inspeksjon av Månesteinen og ikkje minst ein tur på utkikspunktet mot sørvest er eit must når ein er i Skudeneshavn!

Berre ein båt kom inn fredag og dei hadde hatt 40 knop vind på Sletto, friskt!

Lørdag løya det og begge båtane satte kurs innover Ryfylket til Helgøysund. Fint her, mykje båt som venta, men me fekk fin plass i kvar vår bås! No e det seiling i Optimisten for dei store ungane, eg og Ola er på leikeplassen:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar