søndag 23. september 2012

Søndagstur!


Utan barberhaul, tvistar mykje ut oppe då...

Med barberhaul, står mykje finare, men dette
må testast nøyare med storseilet oppe

Det er eit kjekt seil dette, veldig nøgd med
høyden, seilet burde fått prøvd seg
meir i sesongen enn det har gjort

Amund er verdens mester i å kose seg, perfekt kar
å ha med ombord

Me traff Trond og Pim på veg innover igjen,
her er det ca 2 knop vind og me har 2 knop
båtfart:)






















Det fantastiske haustveret haldt fram i dag og dermed vart det ei helg med båt både fredag, laurdag og søndag:)

Med mor i Oslo for å springe halvmaraton hadde me jo heile helga for oss sjølv:)

I den lette brisen satte eg rulle gennakeren før avgang. No fungerer rullinga mykje betre enn i starten. Eit par ting som er viktig er at skjøtene er heilt lause når ein startar å rulle inn så når ein nesten har rulla den inn settes eit av skjøtene fast og ein drar inn resten med rulla samtidig som den strammar seg fint opp heile vegen:)

Dette krev at den er satt med tackline heilt nede og så godt stramma fall. Kjem den for høgt heng det kraftige fallhjørne fast i masta, er den for lite stramma heng dette hjørnet seg fast i rullegenoaen og skaper trøbbel for rullinga. Det går då også, men då heng den i starten av rullinga og dermed rullar den for lite oppe. I litt vind blir det flafring og f... skap av slikt. Men no føler eg at eg har funne løysinga, men det krev at den settes skikkelig opp før start. I dag starta me og gjekk til kai med gennakeren oppe innrulla slik det er tenkt at ein skal kunne med denne saken;)

Med berre 3 til 5 knop truevind gjorde me jevnt 3,5 og opptil 4 knop båtfart med kun gennakeren oppe. Apparent vind heilt opp i 35 grader, men 45 grader går fint heile tida, skarpare enn dette enda lett med blafring.

Eg her tidligare konkludert med at barberhaules ikkje gir så bra høgde, men i så lett vind gjekk den høgast med barbera på. Det trengs testing og trening for å få ut potensialet i seilet. Det er viktig å vite kva som er mulig for å ha trygghet for å sette den når vindvinkelen er på kanten. Hadde eg visst det eg veit no ville eg starta med dette seile i BS for å halde farten utover for i lett vind blir det dårlig høgde med genova 3en... Får ein meir fart kjem høgd litt av seg sjølv og eg ser no at eg kan gå veldig høgt med dette seilet i lett vind. I meir vind, 10-11 knop erfarte eg heim frå BS at grensa går på 50 grader apparent vind... Ned på 60 grader hadde eg 8 knop båtfart i 11 knop truewind, det var sjukt bra, men med nesten 100 kvadrat oppe totalt på kryss skal det jo gå unna også:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar