Her ser dåke Ringreven...:) |
Leif styrte skuta og eg trimma det eg var god til, midtfjords mot Hidle valgte mange å slå nordover, me ville over fryst for å komma unna den sørgåande straumen. Det gjorde Fjordfryd og Mojo også, og det viste seg å bli jokeren i dag, over fjorden var det meir vind og i tillegg fekk me eit flott lift opp mot Hidlekalven.
Rundt Hidle var det mykje straum og me bomma på to slag før me var rundt, ingen som hadde lyst til å overstå, men dermed for Mojo og Fjordfryd seig i frå.
Tilbake var det opp med gennakeren, men Fjordfryd som for anledningen hadde Torodd med seg hang irriterande godt med frå Hidle utan spinn/genn, men me syns det kosta bra avgårde i FRI, det var ujevn vind og me meinar me fekk ein periode over fjorden med mindre vind enn dei bak som fekk nokre kjekke rosser. Me tok igjen Mojo, men som babordbåt skar me rett bak dei ved Ystøya for å vere sikker, meir vind og kortare løp for oss innover Vikafle gjorde at me innsåg at me måtte ta dei andre i mål for andre gang i tirsdagseilas-karrieren! Mojo var rett bak så det vart svært så hektisk å få ned greiene for å ta tida på dei:) berre 31 sekund etter oss...
Fjordfryd var etter GPS appen, 2 minutt og 7 sekund bak og dermed fattige 7 sekund bak oss på korrigert tid! Denne gongen vart det ikkje nesten fyrste plass, men nesten andre plass, om me snur litt på flisa:) Det smakte heilt greit med ein fyrsteplass for aller første gong i seilkarrieren!!!!
Xanadun, flott båt! |
Fjordfryd vart ei hard nøtt i dag! |
Fjordfryd heng på som ein klegg... |
Mojo mot mål |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar