lørdag 6. oktober 2012

Wartsila Windjammer Race 2012

Etter ei hektisk veke på jobb samtidig med førebuingar av Wartsila Windjammer Race var det godt å endelig heise seil lørdag...

Det vart ein seilas med litt blande lag, litt seint ute med info til Wartsila ansatte så det vart ikkje rein sponsorbåt i år. John Einar Olsen var med og Mari Ottesen hadde ein kamerat med, men Ruben var ekte vare (Wartsila ansatt), frå Belgia fekk iflg han sjølv ein flott tur og overrekte meg ein sixpack etter seilasen;)

Me havna langt nede på listene, men hadde ein fin tur med ekstremt vekslande ver og pølsekoking underveis. Målet var likevel noko høgare plassering, men ein elendig start er ikkje lett å bøte på når ein samtidig slit med fart og høgde, samme feila som går igjen feks frå Singlehanded, pine for mykje, det går ikkje med kryssfokk i lite vind...

Uansett, det viktigaste var å få eit bra arrangement og det vart det! No er det Klasen og premiefest og så TV aksjon dagen etter, deretter er det nok nedpakking for vinteren... Sommaren som aldri kom skikkelig i år har gått fort:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar