søndag 30. desember 2012

Loggbok 2012!

Det går mot årets siste dag og den årlege oppsummeringa av sesongen må til:

Dette er 5. sesongen med FRI, båten har vore med på mykje på desse 5 år, men me er fortsatt godt fornødd, den har meir enn nok plass til oss 4 og er ein fin størrelse både til tur og regatta.

I 2012 har det, som øvrige år, blitt både mykje tur og regatta samt ein god del oppgraderingar der nye seil, oppgradert batteripakke og montering av akterstagløfter er hovedpunkta. Eg har allerede bestemt at i 2013 blir det minimalt med oppgradering, muligens må eg til å gjere justeringar for å få rullegennakeren til å rulle skikkelig, men helst vil eg berre seile i 2013:)

STATISTIKK:
Det er interessant å gjere opp status over bruken kvar sesong sjølv om me ikkje er så stressa på å få brukt båten. Me er nok uansatt blant dei som bruker båten mykje og slik har det vore i år også, litt fasinerande å sjå at det er så jevn bruk kvart år.

2012, (2011):

Antall dagar båten har løyst tamp:   62 (64)
Antall overnattingar totalt:               33 døgn (32)
Antall overnattingar m/fam:             23 døgn (14)
Motortimar:                                  112 timar (127)
Nautiske mil:                            ca 800 nautiske (ikkje tall i 2011)

Det som peikar seg ut i år er betydelig meir bruk saman med familien, det er veldig kjekt og eit teikn på at det blir enklare å legge ut no når Ola har blitt større og slik sett blir det meir kos og mindre behov for overvåkning når me er på tur, me såg i år at også lengre strekke går mykje lettare enn tidlegare.

FAMILIETURAR:
Her er eit knippe av høgdepunkta med familien og saman med andre i året som gjekk:

Tur til Føyno allerede i april med ferdig pussa båt!















Fantastisk start på ferien!





















Helge tur til Mjåneset















Det var ikkje berre regn i Ryfylket




















Folksomt i FRI, etter endt 40 årslag i Eggøya






Verdens minste kaffe ligg i Skudnes, her med OJ m/fam


Med gode naboar på Peparen


REGATTA:

Stor spenning i mars då presenningen for av og nye seil låg på kaien, eg er veldig nøgd med seila og dei har absolutt stått til forventningane, mange gode resultat i år, men også nokre skikkelig dårlege så det er sjølvsagt langt frå alt som står på utstyret!

Det vart heile 14 regattastartar i år, 7 tirsdagsseilasar og 7 andre med Seilmakeren som det desiderte høgdepunktet, 4. plass i klassen var absolutt godkjent! På den andre sida av skalaen kjem Bergen Seilforening som gjekk så bra i fjor i år seilte eg dårleg, for passiv og ikkje heilt pigg nyttar ikkje i slikt selskap, men konseptet og ramma rundt denne seilasen gjer det til ein sjølvsagt sak også i 2013!

Veldig frisk start på Tirsdagseilasen i 2012

Med Tørres som makker i Seilmakeren vart det ein
super 4. plass i klassen!


Alden, karakteristisk teikn mot Florø i Seilmakeren

Testing av nyseilet, det ser snygt ut:)




















Håkonar gjekk til Brandasundet, tett og flott seilas på
 søndagen i frisk vind



Bergen Singlehanded er unik, så eg er klar igjen i 2013 sjølv
om resultatet i 2012 vart elendig















2013 SESONGEN!
Det er tidkrevjande å seile regatta og med større interesse i heimen så er det naturlig å fokusere enda meir på å få med familien på tur, men eg håpar jo at det vert mykje regatta i 2013 også, vervet som regattasjef går ut på dato og det blir ingen gjenvalg der så meir tid skulle det også bli i året som kjem. Det einaste som er klart er at det blir ikkje Seilmakeren i år, det er for tidkrevjande. Om eg no får til ny fast makker vil nok avgjere litt kor ivrige eg blir, men håpet er iallefall å få seilt ein god del lokalt og det er også eit mål å få seilt eit par av dei nermaste regattaen som Huftarøy Rundt og kanskje Askeladden som ein erstatning for Seilmakeren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar