torsdag 24. januar 2013

20 meter med Gutatur!


Sendt fra min iPhone

I dag hadde eg endelig holdt løftet og tatt fri for å vere saman med minstemann Ola, etter mykje overtid i starten på året. Planen var å få liv i båten igjen og få fylt diesel på Leirvik. Det var ein del is, men me prøvde oss...

Det vart den kortaste gutaturen hittil, for isen var bra tjukk! Etter 20 meter bakke me oss derfor fint tilbake i båsen, tull å slite bort bunnstoff og kanskje ødelegge primeren... Sjølve skroget er eg ikkje redd for, plast tåler mykje is!

Vel, det vart dermed lunch i båten etter prinsippet "kva har me liggande monntru". Det vart Nudlar, Earlgrey te og ei flaske Farris. Meir overraskande var det at dassen var frossen, og at loggen svettar ørlite sjøvatn. Ikkje lett å vurdere om det er loggen eller gjennomføringa. Mest sannsynlig det første, men eg ville ikkje stramme til voldsomt no når det er så kaldt, den var ikkje laus isllefall!

Dassen er frossen fordi eg har tømt vatn frå lufttørkaren i dassen, uten frostveske:) Det er bra for pakningane å ikkje ha ståande sjøvatn, det var derfor eg gjorde det slik, men tenkte ikkje då på frosten... Ser ut til å ikkje vera bunnfrosse og no kjem jo mildværet så det går nok bra!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar