tirsdag 21. mai 2013

Med Villvettene på tur!

I fjor haust snakka eg med barnehagen om å ta ein seiltur med førskulegruppa til minstemann, Ola, før han slutta!

Tida går og snart er ein epoke over for oss med minsten også på skule. I dag kasta me derfor loss med 6 lettmatrosar ombord, det var grått, men opphald og lett bris frå sør, akkurat passe med 9 stk ombord.

Karane heiste på seil i lang, lang rekke og styrte etter tur! Me gjorde strandhugg på Føyno og karane ordna, med litt hjelp, fendrar og fortøyningar! Imponerande gjeng, aktive samtidig som Katrine og Thomas i Villvettene har ro og disiplin slik at det vart null stress, berre veldig kjekt!

Den mest fornuftige fridagen eg har tatt på lenge:) tida gjekk berre så altfor fort:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar