onsdag 22. mai 2013

Tirsdagsseilas nr 2

 
Eg stilte åleine i dag, ingen av dei aktuelle kunne stille. Utan logg har eg heller ikkje tidtaker så det vart ein dårlig start. Eg var redd eg var tidleg ute og tok dermed ein 360, men kom for nært den store båten ved kaien og måtte gå rundt tilbake og dermed stoppa båten heilt opp og starten gjekk.

Uansett var tanken med å ligge langt ute mot øst god og eg seilte meg opp på ein 5. plass, ganske raskt.

Det vart jobbigt åleine i kastevinden, men etterkvart som eg fekk balanse i båten og kontroll på storseilskjøte, gjekk det fint, nokre kraftige brochar i starten tapte eg mykje på, men eg var ikkje heilt åleine om det i dag:)

Under bruene vart høyden elendig med fokka på utsida av rekka samtidig som eg hadde gløymt å flytte bøylane til kalesjen slik at eg ikkje fekk vinsjehåntaket heilt rundt. Med two-speed vinsjar går det dermed dårlig å stramme inn i sterk vind...

Eg klarte likevel å gå forbi Cloelia og halde Xanadu bak meg sjølv om dei var nære så eg var bra nøgd. Cloelia måtte pine oppover landet etter brua og tapte på det.

Etter me kunne fall av mot øst gjekk eg lengre sør enn dei to båtane bak og tjente på det. Grei vind gjorde at eg droppa Code1 seilet, slapt, eg hadde trengt treninga og sjølvsagt gjekk eg for nært Skjærsholmane samtidig som vinden løya veldig. DÅ hadde Code seile komt til sin rett, det burde gått fint å stått heilt inn i mål med dette i dag.

Kryssfokk og litt grodd båt i lettvind er ingen vinnar. Cloelia kom voldsomt på slutten og skar forbi meg rett før mål... 5. plass av 8 er greit nok åleine når ein ikkje gidd sette gennaker:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar