søndag 25. august 2013

Håkonar - stang ut!

Eg, Leif Rune i FRI og dei øvrige i ialt 10 startande båtar fekk fantastiske forhold under årets Håkonar. Lørdagens etappe til Brandasund prøvde me Gundermetode for å sikre at dei med lågast rating ikkje skulle bli liggande i døande vind som i fjor. Det er også mykje meir spenning med Gunder og kjekt å komme meir samla inn til mål på ein slik sosial seilas som dette er. Ein suksess etter min oppfatning!

Her har me knødd oss forbi Silje etter å ha jakta dei sidan Folderøya. Me runda rett før dei inn i Kykjesundet (navnet skyldes at det var der øyafolket møttes når dei skulle ro til Fitjar og gå i kyrkja)

Her er eg på heimebane, Eggøya er mor mi sin oppvekstplass og no vår familieidyll om somarane, MEN det var absolutt ingen tegn på lokalkunnskap ombord i FRI denne dagen, me skar inn i sundet med den store gennakeren oppe. Det gjekk rett vest, planen var å stå inn til Brandasund med greiene oppe, men det var ein dødfødt tanke. Mykje vind i sundet omtrent rett i trynet gjorde nedtaket til ein heller uelegant affære og eg er forundra over at me ikkje hadde fått fisk når beiste endeleg var ombord igjen, søkk våt, eksemplarisk tråling!!!

Xanadun, Sirup og Silje var langt føre og Storm hadde tatt oss igjen, klovneseiling! 

Det var uansett fint å komme i havn og få ei velfortjent kald ei eller vart det to?;) Veldig kjekt på Fabrikkloftet på kvelden.

Søndagen skulle kjerringa reisast! Me kom greit avgårde i flott sør-sørvest vind!
Etter å ha vore litt bak i starten på Nyleia tok me oss opp og var forbi både Xanadun og Blåfugl ein periode, veldig kjekt å sjå at me fekk båten til å gå fint på kryss. Men så byrja det med litt bingo vindforhold som kulminerte med at me mangla 100 meter på å få den vinden først pulje på 5 båtar fekk. Dørgande stille i Stokksundet er kjiip, etter det som virka som ei evighet fekk litt fekk me nok luft til nermast å reke i mål i den sterke motstraumen, men det er vanskeleg med så lite vind og gennaker, når det blir heilt platt. Eg er redd Leif har utvikla eit enda meir komplett hat til produktet Genaker etter denne turen. Plassering ? Nest sist!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar