tirsdag 27. august 2013

Tirsdagsseilas

Knallfint ver i dag gjorde at eg pressa inn ein seilas til tross for at eg ikkje hadde tid i dag! Redd det var siste sommerdagen for i år!

Fin sør, sør-vestlig vind på 5-7 ms sende oss til Illholmane i stor fart, stikk i skjøtene og 7-8 knop. Ved runding låg me like bak Silje og Xanadun. Som ved eit under klarte me å gli forbi Xanadun rett etter runding. Litt betre fart i rundinga gjorde susen og me fann også ein betre trim heimover med skjøtevognene heilt fram.



Xanadun er vakker, sett forfra. Lenge sidan me såg ho slik;)



Pappa dukka opp i siste liten, kjekt med selskap og no sitt også storseiltrimminga hans bra! Dermed vart me nr 2 i mål av 7 båtar. Det vart sekundstrid med Silje, men ikkje så nært som eg hadde trudd, Cloelia tok det i dag berre 2 min bak oss og me enda på ein fin fin 3. plass.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar