lørdag 7. desember 2013

Klasen og TV aksjonen!

Ultra sein oppdatering av bloggen, men målet er å ha eit innlegg pr tur for "the record" så her er kort om den siste seilerhelga, før båten gjekk i dvale.

Lørdag, 19. Oktober:

Dags for Klasen, etter Gundermetoen. På veg til start bles det 5 m/s nordlig, eg sett snitt vinden til 6-8 ms klok av skade frå forrige Gunderseilas sidan også denne seilasen blir 90% medvind og bidevind direkte mot målet. Uenigheten om dette er notert, men erfaringa til no tilseier at det må vere ein "normal" andel kryssing der ein slår seg mot målet for at det skal bli rett å velge snittvind i tabellen lik den snittvind ein trur det blir, vel det såg litt stygt ut med liten vind ved Illholmane, men det tok seg kraftig opp nordover og vestover så alt i alt ok. Dette er vanskelig, men eg syns det vart rimelig greit, 3. til 6. plass var veldig nære kvarandre og me fekk dermed bra spenning på slutten. FRI sikra seg 4. plass denne gongen av 7 båtar. Betre en WWR, men det skulle ikke så myke til:) Me stod med Code 1 seilet frå Vikafle til Klasen, ganske imponerande, men kluss på det fordømte rullesystemet ødela ein betre plasserig, men, men. Kjekk seilas som shorthanded med Torleif som makker. 

Fin sesongfest etterpå i Seilerhuset.

Søndag 20. oktober:

Baneseilas til inntekt for Tv Aksjonens formål, igjen Gunderstart på Vikafle, me må innsjå at båtfart er og blir eit problem og dermed blir plasseringa der etter, litt motlaust! Etter ein grei start i vår har ikkje båten nådd target speed etter sommaren, delvis ok på Håkonar med Leif Rune ombord, så det er vel ikkje båten sin feil denne gongen heller, men det skal ikkje gjerast mykje feil i trimmen i Hansen før det buttar og med lite seiling merkar me det med ein gong, vel slik er det. Trening gjer mester... Dessuten er båten søkklasta med dill og dall som må ut for lette båten også...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar