søndag 6. oktober 2013

Wartsila Windjammer Race 2013!

WWR er årets høgdepunkt i Stord Seilforening! I år fekk me fint seilver med bris, god temperatur og nesten ikkje regn.

Ialt 42 båtar stilte til start og det er eit fantastisk skue når alle desse båtane seiler ut mot Ystøya med fargesprakende spinn- og gennakera! June og ungane som stod på moloen hadde talt til 50 tilskuarar, det er jo rått! 
Her sitt to kjekke karar å ser på:)

Seilasen som gjekk nord-østover til Hidle og Fluholmane med gennaker før det vart kryss til Illholmane og også kryss tilbake til mål.

Skipperen var litt for forsiktig og valgte den minste gennakeren, den går dårlig på så lave kursar så vårt lille fartsoverskudd på lavare ratea båtar, i unnavind, kom ikkje fram og dermed var det duka for dårlig plassering

Det vart uansett fin kniving bakerst i feltet mellom oss, Sirup og Shantynetten. Dessverre måtte me bite i det ganske sure graset til tross for betydelig høgare rating! Kryss er ikkje favoritt øvelsen til FRI og det er nok ein kode ein stad som fortsatt ikkje er knekt ombord! Me seilte omtrent på meteren likt me desse frå Fluholmane via Ilholmane og inn!


Tradisjonen tru, 3. året på rad har eg eit reint Wartsila mannskap! I fjor kokte me pølser og det kunne me vist gjort i år også:)

På kvelden gjennomførte me den tradisjonelle festen på Stord Hotell, veldig kjekt og god stemning!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar