torsdag 15. mai 2014

Cruise Knallkul på verftet!

Nokre kjiipe sprekker i skroget skal no fiksast etter ein lengre diskusjon om det var produksjonsfeil eller skade. Eg hadde eit litt ublidt møte med ei brygge i skadeområdet så det er nok mest sannsynlig ein skade, vanskelig å vere sikker seier taksmann, men no blir det uansett fiksa og båten står i skrivande stund på land hos Bokn Maritime der eg planlegg å få gjort ein litt enkel vårpuss samtidig.

Knall tur nedover, synd det vart seint så me måtte motorseile store delar av turen, men frå litt før Ryvarden og til Hgsd seilte me jevnt i 7-8 knop.

Seilte innanfor Hovde holmen for å sjekke hytta til Roy og Siri som holdt på å male, fantastisk plass:)


Her ser me Bloksene og har endelig fått stengt motoren :)
Vel fortødd, steike så kaldt det vart på slutten:)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar