søndag 18. mai 2014

Instant shine!

Med 9 mil til båten måtte båtpussen i år bli ultra effektiv, 18. mai var satt av til årets vårpuss, 7 timar og båten var vaska, stoffa, polert og voksa! Puss av propell og montering av sink gjenstår sidan sinken fyrst kjem i morgon så det blir ein tur til før fredag då båten skal på sjø igjen, etter planen. Kjem ann på om Fjordsailing får sendt avgårde gelcoat med rett farge innan tirsdag!

Ska bli veldig kjekt å få shina båten og vere klar til tur og regatta igjen!

FØR:
 

ETTER:


Her er sprekkene avmerket så me er sikre på at ikkje noko smått blir oversett! Det er berre den midterste som ikkje er berre liten. Så blir det jo spennande å sjå om dette kjem igjen eller ikkje. Bokn meiner det kan vere ein kombinasjon av for tjukk gelcoat og ein smell, men det kan også skyldes ein smell så me får berre sjå. Absolutt ingen fare for at det har komme vatn i laminatet iflg Bokn, det er jo bra isåfall:)


Ellers er det egentlig heilt ok at det er 170 km tur retur til båten:)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar