søndag 3. august 2014

Våge-Bjorøy-Bekkjarvik og heim

Me løyste tamp på Ånuglo utpå ettermiddagen, våre gode naboar måtte heim og me satte kursen mot Lokksundet med destinasjon Våge, via nok ein litt spøkelsesaktig plass, Godøysund! Me kunne lagt til ved Solstråleøya i munningen inn til Godøysund, men kravet om Wlan frå dei yngste va absolutt:) så me fann oss ein fin plass på Våge etter ein fin seilas, gjennom regnbuen, frå Ånuglo.

Planen var Bergen, men ustabil værtype gjorde at me korta litt inn, seilte derfor frå Våge dagen etter til Bjorøy på besøk til gode venner, ca 20 nmil gjekk veldig fort med fin bidevind med litt stikk i skjøte gjorde FRI over 8 knop i perioder!

Eit lite paradis på Bjorøy, men me var glade me ikkje låg der på anker laurdagen, når uværet slo til! 

Fredag ettermiddag gjekk me til Bekkjarvik, der har det blitt veldig fint, men irriterande grunt ved moloen, så ikkje noko bra plass for oss på fjæra sjø, måleren viste 1,7 (FRI er 1,9!) då det var to timar igjen til full fjære så me la oss utpå ein anna for å være sikker. 
Laurdag gjekk me heim, alt i alt ein fin tur i greit vêr, veldig kjekt at eldstemann Amund no står til rors, lengre strekk om gangen:)

No vert det jobbing til onsdag så fer me ut med Austevoll, Vinnesvågen som må og besøk hos gode venner, igjen:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar