fredag 8. august 2014

Tirsdagsseilas


Flott seilas, fyrste tirsdagseilasen etter ferien. Eldøyane via Otterøya om styrbord, dessverre vart det litt for skarpt til spinn/gennaker nåken av veiane, men 20 grader og 4-6 ms var perfekt. Davide og Torleif var med og sikra perfekt seiltrim heile vegen noko som gjorde at me sneik oss forbi X-332, Xanadun og vart nr 3:)
Når me kom inn igjen hadde Ole Jacob og Ole Marius fått satt seil på den nye Skippi 650en, eg fekk hoppa på i fart og fekk være med på litt av jomfruturen, ein veldig artig båt som kan bli lei å halde følge med i lett vind og på unnavind, men relativt høg rating gjer at det blir spennande å sjå når dei stiller til start! Kul båt iallefall!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar