mandag 1. september 2014

Den årevise turen til Vinnesvågen på Austevoll!

Fyrste helga etter ferien stod Austevoll på menyen, nærare bestemt Vinnesholmen og Wenche og Tore med familie. Dei siste år har me samla 3 familiar i det gml og koslege huset på Vinnesholmen, me ligg i båten så det går fint.

Utrulig kjekt og ein tur ungane gler seg til lenge på førehand. I år fekk me knall vær og allbading me aldri har opplevd makan til, tidens sommar.
Det er visst nokon som treng å trene litt på stilen, glippa litt på kanten sjølvsagt:)


Men det var med lett måpande blikk eg kikka på værmeldinga fredag ettermiddag og kunne konstatere at det var meldt storm, ja faktisk full storm lørdag ettermiddag. Bra med reiste der til torsdagen for lørdag morgon før fuglane stod opp la FRI frå kai med kurs for heimehavna, best å ligge i egne fortøyningar då. Det var eit uforgløymeleg tur i havblikk med soloppgang og ein kopp kaffi i handa. Resten av familien sov som steinar og våkna ikkje før båten låg fortødd i Eldøyane 3 timar seinar:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar