onsdag 26. august 2015

Stang ut i Tirsdagseilasen!

Denne Tirsdagsseilasen hadde eg som vanlig ikkje tid til å være med på, men likevel var eg på startlinje når starten gjekk, ein nær perfekt start gav fri vind utover Vikafle!

 

Sjelden kost for FRI at alle båtane ligg bak, av samme grunn er det sjelden FRI seiler feil løp, det pleier alltid vere nokon å følge etter, men ikkje denne gongen:)

Midtfjords, etter ein sjekk på Facebook, måtte eg innsjå at ein veldig god posisjon plutselig vart til ein heller dårlig, frustrerande men, men. Det verste var at sidan eg var åleine kunne eg ikkje skulde på nokon heller;)

Men det skulle komme andre utfordringar. Lite vind og låg kurs ned til riktig side av Hidle gjorde at Xanadu og Chablis var før meg for ikkje å snakke om Fykerten som eg trudde seilte over fjorden med gennaker for å komme unna den sterke strømmen og så slå seg nordover i ly av Hidle... Vel, så ofte før når ein ligg bak, gjer ein feil valg, i frustrasjonen gjekk eg for nært land, men tapte ikkje allverden på det. 

Men så, halvvegs rundt Hidle dreiar vinden så me fekk (uanmeldt) motvind tilbake også, og altfor mykje av den sorten for min 1'er laga av lett flue papir. Den tåler vinden, men er svært utsatt i slagene og all blafring som oppstår då. Eg rulla derfor inn litt i kvart slag for å unngå for mykje smell mot rigg og vant. Målet var færrast mulig slag innover, men det vart jo berre tull med mange slag og dårlig båtfart, vel, vel. 

Den overraskande nyheten er at når me passerer 5 ms så vert ikkje båten så overrigga som eg hadde trudd, med 1aren, den krenker ikkje meir enn med 3aren og rortrykket er betydelig bedre.


Ny 3er må til for å kunne seile i mykje vind, men så er spørsmålet, skal ein bruke enda meir pengar for å seile regatta eller skal ein redusere innsatsen litt, det går fælt mykje tid på seilinga, det er kjekt, men er det "enda 30.000 til" kjekt? Usikker...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar