mandag 7. september 2015

Ny Tirsdag, nye muligheter!

Eg fekk far min med i dg på rundt Otterøya og tilbake. Det vart ein kamp mot straumen tilbake, den går stri pga all snøsmeltinga som renn ut av Hardagerfjorden. Oppimot 2 knop motstraum er krevende, men likt for alle.

Starten vart bra og FRI har sjelden problem i medvind så me låg likt med X-332en, Xanadu ved runding, berre den lette Fykerten som gjekk litt kortare løp, (pga enda ein gong forvirring rundt løpet), var føre oss, men i motsetning til Fykerten kom me oss ut av vindstilla sør på Otterøya og ut igjen i vinden samen med Xanadu pga høgare rigg og meir sig i båten. 

Me fekk igjen elendig høyde ifht X'en og valgt å gå heilt utpå kanten av banen mot øst i håp om mindre strøm, ikkje veldig vellykka, men litt typisk når performance ikkje er god nok så gjer ein risikable valg! 

I stadenfor å antakelig ha sikra ein 2. plass ved å seile etter Xanadu, enda me til slutt på ein fin 4. plass av 8, men no skal me jobbe med bedre høyde for noko er ikkje rett fatt, det skulle vere heilt unødvendig å miste 200-300 meter pr slag mot Xanadu, litt må me nok godta mot ein skarpseglar, men me tapte 15 min på 40 min kryss, det er ekstremt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar