mandag 23. januar 2017

Rekordtidlig sesongstart!


Av div årsaker vart det ikkje fjelltur denne helga enda det var planleggingsdag mandagen. Me innser at me kan ikkje reise kvar helg og må trappe litt ned, samtidig blir det mykje spel og innetid på ungane når me ikkje kjem oss på fjellet.

Søndag fann eg derfor ut at eg kunne jo ta ein seiltur, ganske raskt å hive opp standard dacron-seilene, iallefall når ein droppar lazybag, spiler og reveliner:)
Slike turar når det er lenge sidan sist er noko heilt spesielt, det gjer rett og slett godt sjøl om tre grader og ein steinklad kaffikopp i neven ikke er heilt det ein drøymer om!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar