mandag 23. januar 2017

Planleggingsdag!


Full av inspirasjon etter gårdagen lufta eg interessen for ein båttur mandagen for dei håpefulle på 10 og 14. Etter litt overtaling og lovnader om heller usunn mat og rause speletider var dealen i boks:)

Me stod tidlig opp, handla og la kursen mot Føyno, grilling av chillipølser på medbrakt ved som kombinert frokost/lunch og gotteri og TV tid i båten etterpå, og vips vart klokka 16 før me fekk kasta loss og satt kursen heimover igjen. Rett og slett ein kjempefin gutatur!



 Da e ekstra digg med båttur i 3-4 grader når det er tørt og varmt inne!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar