mandag 28. mai 2018

Vedlikehold før turen!

Dealen med fruen var at det er greit med denne delvise egotrippen, men då skulle det  ikkje være fokus på båt før etter konfirmasjonen, 13. Mai. Det var det uansett ikkje tid til så den dealen var lett å oppfylle. I tillegg er det kjekkare å reise frå familien i vekevis når ein har gjort sitt til at hus og heim er på stell og konfirmasjonen vart vellykka!

Båten er no 10 år og det var ein del ting som var modent for fiks, spes når ein skal på ein slik tur, håpet er at me slepp mykje skruing undervegs, noko blir det nok, men no er det tatt ein bra shine, det er kjekt å vite at rigg og bunn ventiler feks er 100%, ikkje er det nok voldsom kostnad heller i den store sammenheng.

Det som er gjort i år er:

1. Riggsjekk av Seilmaker Iversen og skifte av akterstag fra vire til dynema, mange fordeler med det, men størst fordel er det å lette slagene med så stor overlapp eg har på Boding storseilet så hang det alltid i akterstaget og spila i toppen klarte ikkje å løfte det nok. Blokkene var også heilt ødelagt så det var ikkje rare stramminga eg fekk på slutten. Ny Windex kom også på plass når dei først var der oppe:) Flott å ha Seilmaker Iversen som kom ned til Stord og tok riggsjekk på 8 båtar samtidig!

2. Vinsje-sjau

Eg må innrømme at smøring av vinsjer ikkje har hatt høg prio, typisk er at ein kvir set litt med det ein ikkje kan, men det er lekande lett og det var på høg tid, to av vinsjane har aldri vore smurt, men såg heilt fine ut, litt trege ifht når dei no er smurte, men det er klart at dette er viktig å gjere mykje oftare enn eg har gjort, men årlig virkar kanskje litt overkill på oss som gjer dette kvar 10. år;)


3. Nye skrog-gjennomføringer og septikk slanger+pumpe

Ein liten kostnad, men godt å vite at ikkje akkurat mine gjennomføringer var tærte, det går som oftast bra, men me veit jo at kvaliteten på ting ombord i desse rimelige båtane kan være sådær, det såg ok ut, men det var litt tæring på gjengene og 45 gradersbendet før ventilen på avløp septikk hadde ei stygg grop så dette var på tide å skifte. Dessverre er det på denne Hansen ikkje plass til kompositt ventiler så det blir messing igjen; den tid og den sorg altså;)

Ikkje langt unna at septikk-slangene var heilt tette av belegg. Dette er steinhardt og går ikkje bort. Ein skikkelig møkkajobb og båten er definitivt ikkje konstruert for å skifte slikt, plata framfor tanken av omtrendt hermetisert med sika!!!

Heilt ok skrogtjukkelse på 15 mm, bedre enn venta, men har lite peiling på kva ein skal forvente også:)


4. Før avreise blir det også kjørt systemrens på ferskvannskjølings på motoren, oljer, filtrer og impeller blir sjølvsagt bytta også. Olje på drevet såg ut som ny, fint!

5. AiS 

Eg har alltid hatt lyst til å ha AIS, no er den kjøpt, men ikkje mottatt. Kjøpt ein med både sender og mottaker, lett å montere og går faktisk på ein batteribank så vurderer å Montér ute i ein av benkene for å få enklast mulig montering. Denne har innebygd GPS som kan stå inne, men AIS antennen må stå ute. Kjem meir når den er mottatt frå Seatronic!

6. Ny flåte

Den gml var 10 år og viste seg å ha mykje vatn i kontaineren så eg kjøpte like godt ny. Eg likar å ha ein flåte om ein feks skulle få brann så er det ikkje spøk om ein må gå i sjøen


7. Oppgradert sikkerhetsutstyr

Nye sikkerhetsliner i båten lengde og skifte av alle patroner og tabletter i oppblåsbare vester

8. Ny dybdemåler

Denne tok kvelden i fjor høst, dybde viser ikkje og det trengs dybdemåler i Nord-Norge ;) Seatronic hadde, 3.500 fattigere:(

9. Navigasjon

Backup blir IPad og IPhone. Vanntett deksel bestilt og stativ med sugekopp. Garmin kart nord for Trheim er ein utfordring sidan min Garmin 3010 er utgått og nye format etabler på Garmin (Bluechart kart). Pt ikkje sikker på om eg får tak i!

10. Ordinært vedlikehold

I tillegg kommer ordinært vedlikehold og lapping av luftbobler. Irriterande plass på denne Hanse, men det er kun kosmetikk 


+++, det er alltid noko meir;)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar