søndag 25. februar 2018

Den store Nord-Norge turen - endelig skal det skje!

I dag rulla eg av presenningen og satte seil, det er alltid noko spesielt med årets første tur:)

Den store Nord-Norge turen!
Endelig vart det også tid til å fundere litt meir over sommarens store prosjekt, 9 veker på "langtur" mot Nord!

Med velvillig familie og arbeidsgivar, oppspart ferie og avspassering er turen eg har drøymt om sidan eg studert i Bodø tidlig på 90-tallet endelig i ferd med å bli virkelighet!

Planen er 3 veker opp, 3 veker der oppe og 3 veker ned. Når det gjeld mannskap er det familien som blir prioritert først, men det blir nok strekk åleine eller med kompissar også. Været vil sjølvsagt avgjere tempoet, men det er ikkje noko mål å maratonseile og det er veldig, veldig mange plassar eg vil oppsøke underveis. Sør for Stadt blir det transportetapper, men ellers er turen å være underveis, oppleve nye plassar og håpet er også at det blir mykje seiling, men eg forstår på andre som har tatt samme tur at det fort blir mykje motorkjøring...

Totalt er det ca 750 nmil opp til Harstad, om ein går innom div plassar og med ein del seiling i Nord kan det fort dra seg opp mot 2000 nmil totalt og dermed eit snitt på 30 nmil om dagen så nokre lengre strekk tvingar seg nok fram og dagane blir nok brukt på sjøen, men håpet er at det blir tid til å sjå seg om på land, det trengs også trim med så mykje stille-sitting i båten så off-road-sykkelen skal være med og eg håpar det blir mange mil på den, både for trim og opplevesler:)

Vel, det er ein konfirmasjon 13. mai som først skal gjennomførast og derfor blir det ikkje så mykje tid til planlegging som ønska, men det skal nok gå bra, båten er rimelig klar for tur, eg har avtalt bytting av seildrev belg og bunnventiler siste veka i mai. Båten er no 10 år og det er på tide å bytte slikt for å være trygg, det er nok neppe nødvendig. Det blir tatt ein skikkelig rigg-sjekk og det må til oppgraderinger på kartplotter fronten, AIS skal monteres mv og lista er lang, men av kritiske ting er det ikkje veldig mykje som må gjerast og etter først å ha hatt ei liste på over 100.000 i oppgraderinger så er me no nede i 20-30.000, det inkluderte ny flåte, men me håpar at den gml fortsatt kan resertifiseres, den er 10 år, men av den rimelige typen...

Vel, stay tuned, her kjem mykje informasjon framover og sjølvsagt underveis blir det daglige oppdateringer:)




2 kommentarer:

  1. Ja, det blir det absolutt! Håpar å få med meg Vestfjordseilansen så det blir litt regatta nordpå også!

    SvarSlett