torsdag 21. juni 2018

Dag 13: Vik-Rørvik (31 nmil)

Det var godt å endelig kunne kaste loss frå Vik,  litt roligare vind i går og i natt, men det løya aldri skikkelig så eg var nesten bekymra for at båten hadde fått permanent slagside:)


Pga pålandsvinden måtte me gå frå land med spring for å komme klar av brygga, men det har sirkushesten kontroll på så det går som ein lek!

Utover fjorden hadde eg klart å legge ein liten feil i ruta på IPaden, nok til at me var ute av leia. Eg er forsiktig med gå ut av leiene og iallefall her som det er pepra med grunner over alt:) Men me tok ein shortcut og kom oss tilbake, det skulle være 10 meter djupt, men me var under 5 før me var over. Aldri noko godt teikn når dybdemåleren ikkje viser det samme som det står i kartet!

Heilt innerst i Flatanger var det ikkje noko spesielt natur, normalt fint kan du sei, men ute i ytterste, indre leia var det igjen flott og absolutt verd å gå heller enn i hurtigrute leia langt til havs.


Utvorda er ein anbefalt stoppe plass, her er også flytebrygge for stopp i fint vær.

Eit vrak som burde vore fjerna, ikkje noko fint!



Over fjorden var det ein del dønning, TVen var kjora fast denne gongen så ingen problem:) Me motorseilte som så mange gonger før på turen, lavt turtall og fokka ute gav 6-7 knop.


Her er mange av desse, ikkje vanskelig å navigere i god sikt, men ein skal følge godt med, spes når det er store dønningar!

Litt nyskjerrig på Abelvær så me gjekk gjennom der, men stoppa ikkje. Flotte stakar, laga av telefonstolpar:)



Ser smalt ut i kartet og med så god sikt i sjøen ser du også veldig godt den lyse sandbotten under deg, ikkje så vanlig heime:)

Regnet kom rett før Rørvik, då er det digg å dra over taket på cockpitkalesjen!

Vel fortødd i Rørvik er det no berre å få rydda båten før mannskapsbytte i morgon, båten bær litt preg av to karar på tur;) Men me fekk vaska kler i Vik så det skal nok ikkje ta altfor lang tid før båten kan ta i mot fruen på ein skikkelig måte;)


Sist kveld for papen, han kunne tenkt seg å vore med lengre seier han, så kanskje mønstrer han på igjen seinare. Godt å vere to sjølv om det er eg som styrer og navigerer og han som løyser kryssord og lagar mat:)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar