onsdag 20. juni 2018

Dag 12: Værfast i Vik, Flatanger

Planen om å gå inn i fjordane for å finne ly for uværet var antakelig berre delvis vellykka. No veit me jo ikkje korleis det hadde vore på Småværet, men det har ikkje akkurat vore stille her inne heller. Sånn er det jo når det er uvær, det bles over alt.

Når ein fortøyer longside er ein også litt prisgitt vindretningen og med sterk vind forenom tvers fekk me heftig krenging når vindkasta gjekk over stiv kuling. 39 knop eller nær 20 meter i sekundet såg me fleire gonger og det var nok kast i natt som var tøffare enn det


Bildet vart opp ned, ja! Litt beskrivende for følelsen også, ikkje veldig trivelig å bu i båten med så mykje vind og ikkje minst så sjukt med krenging, men lite å få gjort noko med! Middagen rann over tallerken i går, det har eg ikkje opplevd ved kai sidan eg og June låg i Fjellbacka og rei av ein storm med Albin Cirrusen for 20 år sidan eller deromkring!

Sånt blir det klukking i akterlugaren av, kan du tru, men sovna likevel:)

Før vinden tok seg opp!


Vel, vel. Sjølv om det ular og i dei veste kasta, rister i rigg og båt ligg me trygt. Fendrane får kjørt seg, heldigvis meg me satt tau i baugen i ein uterigger som tok av ein god del av trykket på skroget mot brygga!

I dag er det ryddedag, jobbedag. Anlegget her ber litt preg av delvis oppgradert, noko ser fint og nytt ut, anna not so much. Vaskemaskinen tok sikringen nettopp, dusjen lekk som ein sil feks. Men rimelig å ligge her og i bedre vær hadde me nok fått eit betre inntrykk:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar