lørdag 30. juni 2018

Dag 22: 4. Plass i Vestfjordseilasen! (25 nmil)

Tidlig opp igjen, frokost kl 06 og så slapp me fortøyningane kl 07. Ikkje vanskelig å stå opp i dg, dette er jo eit lite eventyr for meg å være med på:)

Starten gjekk i startområde 1, lett vestlig bris og båtfart på berre 2-3 knop i starten, me valgte å legge oss safe midt i banen med djupe seil og lav høyde pga skvalpesjø og kun kryssfokk. Me måtte ta nokre slag, men kom ikkje gale ut av det, vel ute i Vestfjorden va me ca. 20 av 50. Dei fleste starta kl 0810 som oss, men raskaste klasse starta kl 0820.

 

Herlig miks av karbon og treverk av edel sort,  i denne regattaen!


Over fjorden skulle det dreie gradvis mot vest , sørvestlig, etter ein del luring på om me skulle falle av og sette gennaker og ta problemene på andre sida tok me sjansen.  Me fekk bedre høyde enn venta og det vart ein drømmeseilas dei siste 20 nmilene med gennaker 6-8 knop båtfart rett i mål!

Då er dei foreløpige resultatene klare og det vart ein fin, fin 4. plass, berre to min bak pallen:)

Det var uansett ikkje viktig med anna enn fullført og å ha det gøy så målet er fult ut nådd!

Skrova, eit flott synd med Lofotveggen i heile synsvidda i tillegg:) Ingen bedre måte å ankomme enn fossande for fulle seil!


Tante Berit stod på land i Kabelvåg så veldig kjekt med bilder fra målgang!


Målgang kl 12:56, knappe 5 timar på 25 nmil og lettvind først 3 timane er ikkje ille. Som bildene viser såg me feil på mållinja og røska ned gennakeren i tidligste laget, men, men!

Nokre timar seinare kjem dei tøffaste typane;) Herlig, dei har pressening over og bur i båtane:)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar