søndag 1. juli 2018

Dag 23: Kabelvåg-Henningsvær (8 nmil)

I dag reiste mannskapet (June) heim og Ulf tilbake til Harstad, eg førebu meg på jobbveke, ombord! Med det være som er meldt denne veka blir eg i båten og i Lofoten. Det finnes knapt noko meir storslått i slikt vèr! Her er det peppra med postkortmotiv!

Eg hadde tenkt å ligge i Kabelvåg, men når góvéret endelig kom måtte eg utpå, eg rek derfor dei 8 nmilene bort til Henningsvær og blir der til i morgon iallefall. Skrova, Nyvågar og Solvær er også i umiddelbar nærhet så blir nok rekande litt mellom desse plassane denne veke sidan vérmeldignane er fantastiske fram til fredag iallefall!



Ute med drona igjen, det er ei stund sidan det har vore vèr til det! Ein får fantastiske bilder og ikkje minst video med ei drone, ja, dei er litt irriterande og det har vore fleire av desse her i dag som har surra over mastrene i havna, men det er jo forståelig når ein ser kor mykje betre bilder og inntrykk ein får med ei drone:) Eg finn meg ein plass der eg er åleine og kjører opp på 40-60 meter høyde så kan du knapt høyre drona...
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar