tirsdag 12. juni 2018

Dag 4: Florø-Kalvåg-Silda

FRI var superklar for å komme seg videre frå Florø sjølv om havna er flott og me låg fint. Me har begge vore der før og målet er å oppleve nye plassar og ikkje minst få seilt!

Takka vere våre nye venner i Ingrid III frå Horten som me traff for første gang i Askvoll så turde me å gå innerst i havna i den sterke vinden, ikkje noko du gjer i sidevind, utan folk på land til å ta i mot tampane. Spesielt ikkje når sirkusartisten som skal hoppe på land er 73 år og har operert begge kneo;)

Dagen byrja med frisk vind i Florø, først måtte me fylle diesel, litt stress i halvmeter sjø, men det gjekk på eit vis


Flott ver i dag også, og vinden løya opp mot Kalvåg akkurat som meldt, me hadde 32 knop vind på det meste (16 ms), men sjøen var mindre så me regna med å sleppe å snu igjen i dg:)

Vel framme i Kalvåg var det kaffi og kaker før junior sykla Frøya på langs og på tvers, fort gjort:) Senior nøya seg med ein spasertur og kom som vanlig i snakk med ei han nesten ikkje kom i frå, hehe;)


Berre ein båt i heile havna. Etter 3 timar satte me kursen mot Silda, i havgapet før Stad. Kalvåg anbefales, ein trivelig plass med majestetisk natur, spes om ein har sykkel med, for utan sykkel trur eg få får sett dette feks, het har eg sykla over øya mot sør. Fantastisk flott, rett og slett!


Litt einsformig rundt Bremanger landet, men flott natur og du verden så imponerande med Hornelen, Norges høgaste sjøklippe, 860 moh!


Bildet gir på ingen måte noko riktig inntrykk, dessverre!

Her ser med Stad rett før me gjekk inn til Silda, ei flott lita øy der båtane samlast i samme ærend, å runde Stad!

Me skal avgårde kl 06 er planen og gå dei ca 50 nmil til Ålesund! Meldingane er gode og me er klar, tross sein ankomst har me både ete verdens beste fiskesuppe (Remas ferdig suppe), anbefales på det sterkaste! Og me har flydd drona for første gang på turen, posten blir oppdatert med fleire bilder seinare! Det er noko krøll med kvaliteten også!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar