mandag 11. juni 2018

Dag 3: Askvoll-Florø

Oppdater Rapport frå dag 3:

Mykje vind i dag, det var meldt stiv kuling på kysten og me undervurdert nok det litt då me nok ikkje hadde venta så sterk vind lengre inne også. Me måtte slå ned på farten over Stavfjorden pga krapp sjø og jevnt 30 knop med vind (15 ms). Med mellom 3,5-4,5 knop går det tregt med mykje bevegelse


Det ser alltid rolig ut på bilder og det var ikkje noko problem heller, men det går sakte når farten må ned for å unngå harde landinger i bølgene. Vel oppunder Askrova kunne me auke farten igjen og båten skjær sjøane fint med 6-7 knop båtfart. Me stampa oss forbi Florø og var med godt mot til å gå til Kalvåg, men vinden auka ytterligere og når me såg 35 knop på måleren og farten igjen måtte ned pga krapp sjø snudde me og gjekk tilbake til Florø. Lite diesel hadde me også! Rask retur med halve fokka ute surfa med over 8 knop fleire gonger:)


Det å ha skikkelig sykkel med er fint, flott tur i Askvoll i går og det samme no i kveld her i Florø, bra med trim og veldig kjekt for å få sett seg om:) Praktisk til handling også.


Usikre på morgondagen, aktuelt både å gå til Kalvåg, Måløy og Silda. Stad blir det onsdag då det skal blese kraftig opp frå sør frå onsdag kveld og videre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar